Hjem


Sentrale prosessar

Energieffektivisering
Energi og miljø har stått sentralt i planlegginga av OKK. ENOVA gav i april 2009 prosjektet status som forbildeprosjekt for norske kulturbygg, og økonomisk støtte på 1,4 mill kr til energieffektivisering.  Energibehovet i bygget er redusert med 2/3 basert på ekstra isolering, solcellepanel og varmepumper. Solcellepanelet på ca 550 kvm vert landet største, og skal integrerast direkte i fronten på bygget, - heile skoldet rundt foajèen vert eit stort ”solsegl”.

Konseptutvikling
Sparebanken Vest v/Visjon Vest har gitt kr 300 000 til vidare konseptutvikling av OKK. Kommunikasjonshuset Melvær og Lien i Stavanger er engasjert i eit todelt prosjekt. Hovuddelen omhandlar nytt namn på senteret, logo, grafisk profil og visjon med tilhøyrande kjerneverdiar for driftsfasen av prosjektet. I tillegg skal Melvær og Lien utarbeide ein ny sponsorplan, som kan nyttast både i investerings- og driftsfasen.

Designkonkurranse
Os kommune har fått tilsegn frå Innovasjon Norge på kr 300 000 til ein designkonkurranse knytt til prosjektet. Enkeltelement i bygget, t.d. inventar, vil bli omfatta av konkurransen. Tiltaket  vert truleg gjennomført i 2009/10.

Friluftsområdet i Mobergsvikjo
Friluftsområdet i Mobergsvikjo skal rustast opp gjennom prosjektet. Bjørnefjorden Næringsfond har løyvd kr 100 000 til utarbeiding av ein forvaltningsplan for det samla friluftsområdet rundt OKK. Aktuelle element er ny mur i bakkant av badestranda, skulpturpark, stupetårn og sandvolleyballbane.

Restaurant
OKK skal også innehalda ein kafe/restaurant, som skal dekkja ulike serveringsbehov i senteret. Prosjektorganisasjonen drøftar ulike restaurantkonsept med mellom anna Gastronomisk Institutt v/Måltidets Hus i Stavanger og Norsk Sjømatsenter i Bergen.

Framdriftsplan
Byggjestart for OKK fann stad 24.april 2009. Grunnarbeida skal vera avslutta i byrjinga av juli, og betongarbeida ta til i august 2009. Byggjeprosjektet vert organisert med delte entreprisar, og Straume Rådgjeving AS har fått oppdraget med prosjekt- og byggjeleiing. Dei ulike delentreprisane vert fortløpande lyst ut i Doffin-basen.

Prosjektleiinga styret mot opning av senteret i 4.kvartal 2010!


Finansieringsplan


Kostnadskalkylen i forprosjektet for  OKK er 158,7 mill kroner + mva. Sidan prosjektet er planlagt realisert i kommunal regi får Os kommune refundert all moms frå staten. I finansieringsplanen for senteret vert det difor rekna med ei netto kostnadsramme på 158,7 mill kroner.

Finansieringsplanen for OKK var frå starten av tredelt. Grieg Foundation skulle ta 1/3 av kostnaden, og vi har søkt  Staten v/Kultur- departementet om tilsvarande 1/3 innanfor ordninga med stønad til regionale kulturbygg.

Den siste 1/3 har vore  tenkt finansiert med lokale midlar frå Os kommune, Hordaland fyl- keskommune, ymse fond og stiftingar og private. I denne lokale pakken inngår også OKK-kampanjen, og her treng vi absolutt di hjelp! Kvar einaste innsamla krone tel for å få fullfinansiert prosjekt!

Tabellen nedanfor syner at ein til no har stadfesta tilsegn om 120,8 mill kr til prosjektet. I tillegg til 55 mill frå Grieg Foundation, har OKK fått fantastisk respons hos private og Hordaland fylkeskommune. Ein privat gjevar har gått inn med heile 10 mill, og fylkes- kommunen har gitt tilsegn om 8-10 mill. I tillegg er det særs oppløftande at Hordaland fylkeskommune har prioritert OKK som nr.1 blant dei prosjekta i Hordaland som har søkt midlar hos staten innanfor ordninga med regionale kulturbygg. Vi har difor god von om positiv handsaming av søknaden som no ligg i Kulturdepartementet.

Os kommunestyre har gjort vedtak om å nytta inntektene frå salet av TIDE-aksjane (21,4 mill) og framtidige inntekter frå sal av Fjellheim (takst 10 mill) som eigenkapital i prosjektet. I tillegg har kommunen tildlegare løyvd 6 mill kr til prosjekteringsfasen. 

Kommunen si målsetting har heile tida vore å finansiera OKK utan låneopptak. Dette er eit ambisiøst mål, men om ein lukkast vil det gje senteret eit særs godt utgangspunkt for driftsfasen.

I samband med realiseringsvedtaket 16.12.08 godkjende Os kommunestyre at kommunen skal forskottera inntil 30 mill kr i påvente av statleg løyving til prosjektet.


Driftsbudsjett

Os kommunestyre godkjende 16.12.08 eit utgangspunkt for framtidig driftsbudsjett for senteret. Adhocutvalet for OKK hadde i forkant utarbeida tre ulike alternative budsjettframlegg; - worst case, midle case og best case. Det vedtekne utkastet til driftsbudsjett har ei totalramme på 6,9 mill kr.
Under føresetnad av at senteret ikkje skal dekkja store kapitalkostnader frå utbygg inga, tyder alt på at drifta av OKK skal gå i balanse.
Senteret har stort potensiale for inntekter frå kommersielle arrangement innan konferanse, catering, konsertar, messer o.l. Desse arrangementa vil kunne subsidiera andre kulturaktivitetar i bygget, og adhocutvalet legg til grunn at ideelle lag og organisasjonar som i dag nyttar Fjellheim som øvingsarena ikkje skal måtta betala vesentleg meir i husleige i OKK enn i dag.

Driftsform

Drifta av OKK vil bli delegert til eit Kommunalt Foretak (KF). Os kommunestyre skal i juni 2009 etablera selskapet med vedtekter og eige styre. Prosjektleiinga legg til grunn at dagleg leiar for KF’et må rekrutterast hausten 2009, slik at vedkommande kan ta til i stillingen ca eit år før opning av senteret.

brikka_0.jpg

Webkamera

Os Kunst&Kultursenter

OKK-kampanjen

 

faktura.jpg

Plantegningar m.m

Fasade - Sør   |  Last ned PDF
Fasade - Vest  |  Last ned PDF

Plantegningar | Last ned PDF
 

Situasjonskart m.m

Situasjonskart 1  |  Last ned PDF
Situasjonskart 2  |  Last ned PDF

Snitt   |  Last ned PDF
 



OS KUNST & KULTURSENTER | 2009