Hjem


OKK vert til Oseana!

Basert på finansiering frå Sparebanken Vest/Visjon Vest har Os kommune samarbeid med kommunikasjonshuset Melvær & Lien i Stavanger om konseptutvikling av OKK. Resultatet av arbeidet er no klårt i form av nytt namn på senteret, samt framlegg til logo og grafisk profil!

Oseana vert det nye namnet på senteret. Oseana gjev assosiasjonar til det nære gjennom stadnamnet Os, og kanskje til Oleana og Ole Bull? Samstundes er det knytt til den vide verda gjennom Ocean og verdsdelen Oseania. Det må også kunna seiast å vera noko ekte og norsk over namnet. Samstundes kan det stå fram som noko ”løfterikt”. Det er enkelt å hugsa og å uttala, uansett kva morsmål ein har. Det er på alle måtar lett å seia. Oseana kan gje kjensla av at det er ein god stad å vera. Det gjev assosiasjonar til natur, kulturliv (Bull), havet, kanskje også til ein oase.

Logoen og den grafiske profilen for senteret tek utgangspunkt i dei karakteristiske trekka ved sjølve bygningen. Buen og forma som kjem til uttrykk i enden av foajèen, og som dermed møter alle som kjem til inngangspartiet på senteret, utgjer hovudelementet. Dette kombinert med alle kystens fargar, utgjer ein spanande grafisk profil som kan setjast saman på ulike kreative måtar.

Som fundament for det heile legg ein til grunn følgjande posisjoneringsstatement;
For born, unge og vaksne skal Oseana vera eit senter som stadig gjer folk nyfikne, begeistrar og gjev kunst- og kulturopplevingar på ein ny og annleis måte enn andre aktørar.

Visjonen, eller leiestjerna for Oseana, skal være;

Ei verd av inspirasjon I det legg vi at her skal alle besøkande oppleva inspirasjon, og bli utfordra på sine kreative evner, anten dei er utøvarar eller publikum. Vidar skal drifta av senteret kvila på tre grunnverdiar;

Inviterande – i alt vi gjer skal vi og senteret vera inviterande, folk skal få delta og engasjera seg, og vi er totalt fordomsfrie i høve kulturelle og kunstnarlege uttrykk!

Nysgjerrig – vi skal søkja det ukjende, stimulera nye idear og søkja nye samarbeidsformer, koalisjonar og partnarskap!

Pådrivar - vi skal væra ei drivkraft, vera uredd og våga å gå nye vegar, ta leiinga og væra ernergisk, det er lov å vera først ute!

brikka_0.jpg

Webkamera

Os Kunst&Kultursenter

OKK-kampanjen

 

faktura.jpg

Plantegningar m.m

Fasade - Sør   |  Last ned PDF
Fasade - Vest  |  Last ned PDF

Plantegningar | Last ned PDF
 

Situasjonskart m.m

Situasjonskart 1  |  Last ned PDF
Situasjonskart 2  |  Last ned PDF

Snitt   |  Last ned PDF
 



OS KUNST & KULTURSENTER | 2009