Fasade - Sør | Last ned PDF
Fasade - Vest | Last ned PDF
Dei peikar på fleire positive effektar dei ser for seg det planlagte Os kunst- og kultursenter kan få for bygda:
• Utvikling av Osøyro som ein attraktiv tettstad for handel og oppleving.
• Identitetsbygging i ein kommune i sterk vekst.
• Konferansefasilitetar, og ein god arena for kulturelle og sosiale arrangement.
• Samspelet næring–kultur, og potensiale for utvikling av kulturbaserte næringar.
• At eit godt kulturtilbod gjer Os attraktiv for nye innbyggjarar, kompetent arbeidskraft og nyetableringar i næringslivet.
• At OKK vil bidra til eit godt og innhaldsrikt oppvekstmiljø for barn og unge i regionen.
I ei pressemelding i dag skriv kulturvenane at dei håpar gåva, på heile 4,7 millionar kroner, kan vera med å bidra til å realisera draumen om kunst- og kultursenter. Og at gåva kan inspirera andre til å slutta opp om OKK-kampanjen.
- Før vi fekk denne gåva hadde vi allereie fått inn over 1,7 millionar kroner i OKK-kampenjen. Flott støtte frå små og store gjevarar. At desse næringslivsaktørane i "Kulturvenner av Os" sluttar opp om kampanjen vår er heilt fantastisk! seier ordførar Terje Søviknes til Midtsiden.no.
- Dette gav kampanjen eit løft, og vi nærmar oss no målet på 10 millionar kroner, legg han til.
Midtsiden.no kjem tilbake med meir om korleis arbeidsgruppa tenker om vidare arbeid, etter at kulturdepartementet ikkje kom med den støtta Os kommune hadde håpa på.



