Fasade - Sør | Last ned PDF
Fasade - Vest | Last ned PDF
Då Per Grieg senior bestemte seg for å gje eit kunstmuseum til Os kommune, blei det starten på det som kan bli både museum og eit stort kulturbygg på Mobergsneset.
– Ideen med eit slikt kombinasjonssenter er heilt strålande, og det er svært spennande å sjå at vårt initiativ i så stor grad kan vera med på å forma lokalmiljøet
i ei bygd som eg er så glad i, seier Per Grieg Sr.
Per Grieg senior og Grieg Foundation vil gje meir enn økonomisk støtte. Grieg har samla kunst i mange år, og denne skal pryda veggane i det komande museet.
– Ein eller annan stad må jo kunsten hengja. Til no har mesteparten vore stilt ut i kontorbygget vårt i C. Sundtsgate, men ein kvar kunstsamlars draum er jo å få vist samlinga si fram, seier Grieg om den rause gåva til Os.
– Heile livet har eg hatt glede av flotte somrar på Os, og no bur eg her meir og meir. Eg er veldig glad i bygda, og føler meg stadig meir som ein osing, legg han til.
Fra Thaulow til Astrup
I samlinga som Grieg vil stilla ut i det komande museet finn vi kunst av blant anna ein av dei mest kjente norskekunstnarane frå 1800-talet, Fritz Thaulow (1847-1906), nasjonalromantikarensom blant anna har måla ”Lyshornet fra Bergen” i 1836, I.C. Dahl (1788-1857), nyromantiske Nikolai Astrup (1880-1928), naturalist Christian Krogh (1852-1925) og kunstnaren som målte ”Fyr på den norske kyst” som pryda baksida av 1000-lappen frå 1975-1981, Peder Balke (1804-1887).
– Blant måleria som blir stilt ut på Os er ”Nordkapp” av Balke og ”Kyststasjonen” av Thaulow, fortel Grieg.
Vil nå dei unge
Vi har blant anna Edvard Grieg (1843-1907), Johan Nordahl Grieg (1902-1943) og Per Geelmuyden Grieg (1897-1962) å vera stolte over, og dei var alle i slekt, om enn eit stykke ute.Per Grieg senior er son til Per Geelmuyden Grieg, ein arkitekt og kunstnar som sette preg på Bergen med sine strekar frå 1923 til 1960. Bergen Diakonissehjems sjukehus og varehuset Sundt er blant bygga han har teikna, og det er Grieg Arktekter AS ved barnebarnet
Andreas Grieg som har skissa planane for Os kunst- og kultursenter.
– Vi er veldig opptatt av å formidla kunst og kultur også til ungdomen. Sjansen for at fleire unge besøker kunstutstillngar er langt større med eit slikt senter det no blir lagt opp til på Os, seier Per Grieg senior.



