Hjem


Byggestart og bading

Ordførar Terje Søviknes kunne fortelja om tilkomst til badeplassen under offisiell byggestart på Mobergsneset fredag. Denne veka har maskinene kome på plass og campingplassen mellom Mobergsneset og sentrum blitt forvandla til ein brakkeleir.
Ordførar Terje Søviknes kunne fortelja om tilkomst til badeplassen under offisiell byggestart på Mobergsneset fredag.

Denne veka har maskinene kome på plass og campingplassen mellom Mobergsneset og sentrum blitt forvandla til ein brakkeleir. Gravinga har så vidt starta, og i dag var det offisiell byggestart på tomta der Os kunst- og kultursenter skal byggast.

- Det er om lag tre år sidan Per Grieg sr kom innom kontoret mitt med ei gåve og ein idé. Nokon meiner det har gått fort, men for slike som meg og deg kan det vel ikkje gå fort nok, sa Søviknes og såg på Grieg.

- Eg vil seia at eg er imponert over Os, på mange måtar. Os er ei levande bygd, og måten de handsamar både det å vera eit vekstområde og den utfordringa de har hatt med ideen eg kom med, er heilt fantastisk, svara Grieg etter først å ha humra litt av spørsmålet frå ordføraren.

Graving, sprenging og tidsfrist
Opparbeidinga av tomta skal vera ferdig 6. juli. Byggeplassen, Mobergsneset, blir stengt for gjennomfart. Planen er at det skal opnast ein passasje frå Os til Mobergsvikjo i månadsskiftet juni-juli.

- Vi har vore i dialog med grunneigarar på den andre sida, og fått ein avtale om midlertidig parkering. Denne skal vera klar i juni ein gong, så då kan dei som har bil med til badeplassen kjøra inn Giljavegen og ned til stranda, fortalte Søviknes.

Over helga blir dei første salvane skote. På bergnabben i den krappe svingen, nær vegen, er det markert med raudt.

- Er det nokre delar av arbeidet som ventar som er venta å bli meir krevjande enn andre?

- På byggestartmøtet i går var området ved svingen eit tema. Men vi har vurdert det slik at vi har godt nok utstyr til å sprengja vekk også her, utan å sperra trafikken. Men blir det behov for å stengja av så gjer vi det, i samarbeid med vegvesenet, seier prosjektleiar Magnar Eide frå Straume Rådgjeving.

brikka_0.jpg

Webkamera

Os Kunst&Kultursenter

OKK-kampanjen

 

faktura.jpg

Plantegningar m.m

Fasade - Sør   |  Last ned PDF
Fasade - Vest  |  Last ned PDF

Plantegningar | Last ned PDF
 

Situasjonskart m.m

Situasjonskart 1  |  Last ned PDF
Situasjonskart 2  |  Last ned PDF

Snitt   |  Last ned PDF
 



OS KUNST & KULTURSENTER | 2009