Hjem


- Akseptabel risiko

Administrasjonen er klar med OKK-sak til politisk handsaming. Med fleirtal i kommunestyret 16. desember blir det byggestart like over nyttår.
Endeleg politisk sak om Os kunst- og kultursenter blei offentleggjort i dag, og konkluderer med grønt lys for byggestart 1. kvartal 2009. Med politisk fleirtal vil OKK stå ferdig hausten 2010.

- Prosjektgruppa og administrasjonen konkluderer med at det å venta på støtte frå staten er ein akseptabel risiko, seier ordførar Terje Søviknes til Midtsiden.no.

Kommunen forskotterer - på Grieg si rekning
Totalprosjektet, inkludert byggjekostnad, tomt og infrastruktur, er no kalkulert til 157,8 millionar kroner. Frå Grieg Foundation, andre private donatorar, Os kommune og Hordaland fylkeskommune har prosjektet konkret tilsagn om 113,9 millionar kroner.

- Os kommune forskotterer 30 millionar kroner, og Grieg dekker rentene dei første åra. Positiv dialog med Kyrkje- og kulturdepartementet, og Hordaland fylkeskommune, som i 2010 overtar utdeling av midlane, gjer at vi har stor tru på støtte med tida. Kor stor den blir er meir spennande, seier Søviknes.

Her er hovudkonklusjonane i sakspapira:

• Totalprosjektet, inkl byggjekostnad, tomt og infrastruktur, er no kalkulert til 157,8 mill kr (eks MVA).

• Gjennom Grieg Foundation, andre private donatorar, Os kommune og Hordaland fylkeskommune har prosjektet konkret tilsagn om 113,9 mill kr. Diverre har Staten ved Kyrkje- og kulturdepartementet til no ikkje funn rom for å prioritera prosjektet, men Os kommune har god tru på medverknad òg frå staten si side.

• Restfinansieringa foreslår ein vert løyst gjennom eit forskotteringslån frå Os kommune på 30 mill kr og midlertidig utsetting av nokre byggningselement på i alt ca 15 mill kr.

• Oppsummert er tilrådinga at Os kommune byggjer Os kunst- og kultursenter på Mobergsneset (Osøyro) innanfor ei total kostnadsramme på 144 mill kroner.

• Drifta vert føreslått organisert i eit Kommunalt Foretak (KF), og det er framlagt driftsbudsjett i balanse.

• Senteret er på i alt 5 800 kvm, og inneheld fem hovuddelar; - kunstmuseum, foaje m/resturant, storsal med moderne scene og amfi til 600 personar (1650 personar på flatt golv), komplette kulturhusfasilitetar med øvingssal/øvingsrom/grupperom osv. og uteareal med balkongar/takterasse/skulpturpark.

• Prosjektet er ein del av eit større tettstadutviklingsprosjekt på Osøyro i regi Os Sjøfront, med bustader, næringsrareal, nye kaifrontar, ny molo og småbåthamn.

Saka går no til politisk handsaming i Os formannskap 2.desember og Os kommunestyre 16.desember.

Midtsiden.no kjem tilbake med meir.

brikka_0.jpg

Webkamera

Os Kunst&Kultursenter

OKK-kampanjen

 

faktura.jpg

Plantegningar m.m

Fasade - Sør   |  Last ned PDF
Fasade - Vest  |  Last ned PDF

Plantegningar | Last ned PDF
 

Situasjonskart m.m

Situasjonskart 1  |  Last ned PDF
Situasjonskart 2  |  Last ned PDF

Snitt   |  Last ned PDF
 



OS KUNST & KULTURSENTER | 2009